Astrid Skaref puRnJVv4 BOo ix yp FRnPLhx q t h J0in
| Astrid Skare | |
| Fødd | 17. januar 1891 |
|---|---|
| Død | 18. november 1963 |
| Parti | Arbeidarpartiet |
Astrid Skare (fødd 7. januar 1891 i Namdalseid, død 18. november 1963) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho sat på Stortinget frå Buskerud i tre periodar.
Skare hadde utdanning frå Innherad folkehøgskole og Mære landbruksskole. Ho jobba så på kaffistover rundt om i landet (Oslo, Flekkefjord, Skien, Svolvær). På 1930-talet hadde ho lokalpolitiske verv i Røyken kommune, blant anna var ho varamedlem av kommunestyret 1935–37.
Ho vart valt inn på Stortinget første gong i 1945 og så attvald i 1949 og 1953. I alle periodane var ho medlem av Odelstinget og av kyrkje- og undervisingskomiteen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Terje Nordby (red.): Storting og regjering 1945–1985. Biografiar, Kunnskapsforlaget 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Astrid Skare» frå Wikipedia på bokmål, den 19. desember 2015.
|